Weblung Internett. 

Link til Rauma Ullvarefabrikk Blåfjellgarn.

Magne Heen <magne.heen@weblung.org>11/01-97

Index 
[Litt historikk][Men så kom krigen][Frigjøringsdagen 8. mai 1945][Raumaryen][Rauma Ullvarefabrikk 1977]


Last ned bilder av noe av produktspekteret.(Zip file, 292 kb)

E-mail til Rauma Ullvarefabrikk, 6310 Veblungsnes. 



Rauma Ullvarefabrikk 1990.

Litt historikk

Det første opptak til ein ulivarefabrikk på Veblungsnes vart gjort i 1916 av ein rogalending.

I ei eldre bygning var det då innmontert ein spinnstol med kardeverk og ein del hjelpemaskiner. Det vart berre ubetydeleg produksjon, og det heile vart nedlagt og overteke av ein bank i 1923.


Det første fabrikkbygget i 1927

I 1927 overtok so S. S. Rotevatn og eg bygning og maskiner og sette so smått i gang produksjon hausten 1927.

Det var helst leigespinning og bytteforretning i ull og garn vi var tenkt å drive med då. Men vi hadde ikkje fargeri 50 det vart berre kvitt, grårnelert og sau svart garn vi hadde å by på. Det viste seg snart at det vart for lite omsetning av den slags.

Neste skritt var at vi fekk Devold i Langevåg til å farge ull for oss. Men vi var klar over at skulle vi få noko sving på omsetninga, måtte vi ha fargeri sjøl. Til det trengte vi både pengar og plass. Begge deler var mangelvare.

Vi tok då å panelte av eit hjørne i spinneriet. Fekk tak i ei brukt ullvaskemaskin av tre, fekk laga eit fargekar av tre og kjøpte ei skrøpeleg sentrifuge og sist, men ikkje minst, vi fekk godtkjøp på ein liten brukt baltickjel som kunne skaffe damp til fargeri og tørkeri. Eg var so ein tur til fargemeister Karl Humlen i Langevåg og fortalde om mine planer. Eg hadde arbeidt saman med han på ullvarefarikken i ørsta, og han var Svært imøtekomande og ville gi oss råd og hjelp. Humlen var soleis fleire gonger til Veblungsnes, og me var svært takksame for den verdifulle hjelp han gav oss.

Tørkeriet for ull og garn var sjøllaga og plassert på loftet i 3. etg. Ulla låg på nettingkarmar i reolar, og garnet hekk på teinar. Ei sterk vifte midt i romet ordna med luftinga. Dette tørkeriet gav ein skånsam og god tørk og viste seg å bli ganske effektivt. Etter ei tid kunne vi so presentere eit ganske lite prøvekart med garn i fleire fargar.

Ingen i fabrikken hadde teoretisk utdanning, men vi forsøkte å dele arbeids områda slik at kvar fekk arbeide på det felt han hadde best anlegg for. Dette vart ei sterk utfordring til utvikling etter kvart som oppgåvene voks i takt med utvi dinga av fabrikken.

Etter at vi tok til å farge sjøl vart det stort spørsmål om produktutvikling. På dette området hadde Arne Digernes spesielt gode evner, og her fekk han rikeleg anledning til å bruke dei. Hans innsats på dette felt fekk særs stor betydning for fabrikkens utvikling i alle år framover.


Alle ansatte i 1929
Fra venstre: Kjartan Rotevatn, Erling Digernes, Ståle Rotevatn, Arne Digernes, Gusta Einang, Klara Gjerset, Magda Alnes.

På denne tid vart det teke ei viktig avgjerd ang. fabrikkens framtidige salgs politikk.

Etter å ha vore i kontakt med fleire hudsflidsutsalg vart vi klar over at her var det eit udekt behov som kunne passe for ei lita bedrift. Husfliden var nemleg interessert i spesielle garnkvalitetar av rein norsk ull, som ikkje var på markedet.

Den Norske Husflidsforening i Oslo hadde i mange år dnve med plantefarging av ull og garn. Det var eit framifrå pionerarbeide disponent Gunvald Gulliksen fekk gjennomført der. Etterspurnaden vart svært stor, men det var sjølvsagt begrensa kvantum Husfilden kunne skaffe med dei lokalitetar og det utstyr dei hadde til disposisjon.

Ei fargestofftype som no var kome i handelen, og som kunne erstatte plantefargar, var kypefargestoff. Desse vakte vår interesse då dei var minst like ekte som plantefargar både for lys og vask. Vi fekk so tak i ein tysk representant frå I. G. Farbenindustri som var godt inne på bruken av kypefargar. Han var her fleire gonger og hjelpte til, samstundes som han selde fargestoff. Ståle Rotevatn hadde språkkunnskapar, og det var difor naturleg at han reiste på eit volontørkurs i Tyskland sommaren 1935 for å få vidareopplæring i fargeriteknikk. Han tok seinare full utdaning og hadde ansvaret for fargeriet til han slutta i 1951.

Vi gjekk no inn for å bruke kypefarga ull til husflidsgarnet og det vart godt motteke.

Omsetninga auka og lokalitetane vart for små. Vi la no ein ny plan for utbygging. Den omfatta nytt spinneri. nytt fargeri, ny kontorbygning og ekspedisjon. Fargeri og kontorbygning vart ferdig i 1937. Spinneribygninga i 1939. 830 kvm. i 2 etg.

1939 vart eit godt år for oss. Vi hadde då ca. 23 tilsette og eit årsforbruk av ull på ca. 60 000 kg.


En del av de ansatte i 1939
Første rekke: Kåre Svendson, Anna Hansen, Gusta Einang, Thea Sæter, Arda Rudi, Lotte Ananaiassen, Margit Heen, Harry Tafjord.
Bakerste rekke: Hilda Torvik, Inga Gridset, Ellen Blakseth, Arthur Sogge, Sigrid Blakseth, Marit Skotte, Ståle Rotevatn, Arne Digernes.

MEN SO KOM KRIGEN

Natta til 1. mai 1940 vart fabrikken bomba og brende heilt ned. Berre skorsteinen og noko av murane stod att. Det vart sleppt ned mykje bomber den natta og alle hus i sentrum på Veblungsnes brann ned. Stedet var evakuert so ingen menneske kom til skade.


Ruinene av Ullvarefabrikken etter krigshandlingene i 1940.

Fleire av dei mannlege arbeidarane på fabrikken vart mobilisert 9. april. Men alle kom attende med livet i behald.

So snart forholda hadde roa seg litt, giekk vi i gang med planlegging og gienoppbygging. Det rauk enno av ruinane då vi tok dei første spadetaka.

Vi var heldige og fekk tak i svært dugande bygningsarbeidarer. Dertil giekk alle dei mannlege arbeidarar i fabrikken heilhuga inn for gjenoppbygginga. Den nye fabrikken kom under tak til jul 1940. Den fekk ei grunnfiate på 50 x 16 m og ei golvflate på tilsaman 2400 kvm.


Gjennoppbygging i 1940

Vi var heldige og fekk kjøpt ein heil del nye maskiner avdi vi var so tidleg ute. Men for å kome snarast mogleg i drift, måtte vi ogso kjøpe ein del brukte, men godt tenlege maskiner.

Lars Domaas fekk her ei svært krevjande oppgåve. Han stod for montasjen av alle maskiner i heile fabrikken. Han løyste denne oppgåva på ein meisterleg måte. Lars Domaas vart tilsett ved fabrikken i 1932, berre 17 årgarnal. Det viste seg at han hadde særdeles god teknisk innsikt og har sidan hatt ansvaret for maskinparken.

Vi kom 50 langt at vi fekk igang dei nye maskinene på nyåret og spann det første garnet i nyfabrikken 18. februar 1941.

På grunn av krigen vart det no svært vanskeleg å få tak i ull til produksjonen.

Ståle Rotevatn og Ame Digemes reiste difor land og strand med kvar sin gamle bil for å kjøpe ull direkte frå produsent. Dei "delte landet millom seg". Ståle reiste mest i Sogn og Fjordane og Arne mest i Østerdalen.

Samstundes dreiv dei rettleiding om stell av ull. klipping, sortering og pakking m.v. Ullprodusentane sette pris på dette. Det var difor god kontakt millom produsent og forbrukar desse krigsåra, og den var verdifull.

Myndigheitene laga strenge restriksjonar for bruk av ull. Det vart soleis forbode å spinne garn av rein ull. På søknad fekk vi lov å bruke inntil 70% ull i husflidsgarn. Elles var betingelsane maksimum 50%. Til innblanding vart helst brukt shoddy eller cellull.

Sommaren 1941 såg det kritisk ut for å få nok brensel til fyring av dampkjelen til vinteren. Fyringsolje var ikkje å få tak i og svært vanskeleg var det ogso om kol og ved.

Vi fekk då avtale med ein bonde om å snauhogge ein teig oreskog i Isterdalen som han hadde tenkt til kulturbeite. Alle mannlege arbeidarar i fabrikken giekk difor laus på vedhogst. Først måtte ein då bogge og kviste treda og so dra stokkane ned til elva. Deretter binde stokkane saman i store flotar og fløte dei nedetter Isterelva og ut i Romsdalsfjorden mot fabrikken. Det vart ein veldig hard jobb frå først til sist, men alle gjekk heilhuga inn for oppgåva og det vart framdrive so mykje ved, at vi vart godt berga vinteren over. Åra etter vart det noko betre å få tak i brensel. På grunn av mangel på råstoff var vi ikkje meir enn ca. 14 tilsette på fabrikken under krigen.

Det var rasjonering på garnet under heile krigen. Husflidsutsalga og andre forretningar fekk tildelt kvoter for kvart kvartal Qg fabrikken måtte sende oppgåver til myndigheitene for kvar månad over ull ein tok inn og oppgåve over garnleveransane.

Gusta Einang hadde jobben å passe på at kvotene stemte med bøkene. Ho hadde vore på fabrikken heilt sidan starten i 1927, og var den pertentlige bokhaldar og kasserar i nærmare 47 år.

So kom då endeleg det alle hadde lengta etter:

FRIGJERINGSDAGEN 8. MAI 1945.


17. mai 1945

17. mai 1945 er der vel ingen som gløymer av dei som opplevde den. Fylkesmann Utheim kom heim fra London på den tid. Det var mange på jern banestasjonen då han kom om kvelden. Han heldt ein kort tale og sa millom anna: "Nu er vi fri, og det er vi alle glade for. Men vi må ikkje glemme at det ligger en hard arbeidsdag foran oss, og da gjelder det å løfte i flokk. slik vi har gjort det under krigen"

På fabrikken var det ikkje berre å hoppe i gang å kjøpe ull og produsere. So mangt var kome i ulage både i inn- og utland. Ikkje minst på det økonomiske område. Men ein ny arbeidsdag var i alle fall komen so ein fekk både planleggie og arbeide på elt brukbart grunnlag.

Vi fekk ogso den glede å sjå at både produk sjon og omsetning auka. Sakte men sikkert. Vilkåra vart lagt til rette for ei nøktern og sunn utvikling.

Då det nye fabrikkbygget stod ferdig i 1941, vart det sagt at det var for stort til vårt behov. Heldigvis vart utviklinga slik at det ikkje gjekk so svært mange år før utviding kom på tale.


Veblungsnes med Romsdalshorn og Vengetindene

11952 måtte vi soleis bygge nytt tvinneri og hesperi, 400 kvm i 1 etg.

I 1962 måtte vi ha nytt tilbygg til fargeri med tilhøyrande lager. Tils. 350 kvm golvflate.

I 1969 tilbygg til spinneri 900, kvm i I etg.


Heder til veteraner ved Rauma Ullvarefabrikk 1967
Erling Digernes - Kåre Svendson - Gusta Einang - Lars Domås - Sina Einang - Magnus Sørheim - Arthur Sogge - Arne Digernes


1969

Etterkvart som vi utvida vart ogso maskinparken modernisert. Det vart kjøpt både heilt nye maskiner, men ogso gode og lite brukte maskiner frå fabrikkar som av ein eller annan grunn innstilte drifta og selde maskinparken.

RAUMARYEN

I 1956 kom eit nytt produkt inn i bilde. Vi tok nemleg då opp produksjon av materialer til handknytte ryer. Svært beskjeden målestokk i begynnelsen både med mønster og materialer. Men etter kvart fekk vi kjende brukskunstnarar til å lage eit godt utvalg i mønster med rikhaldige motiv å velje millom. Det viste seg då at det var verkeleg stor interesse for ryeknytting både hjå lek og lærd. unge og gamle. friske og svåke.

Ryene vart elt produkt der spælsaugamet med sin særeigne glans kom til sin rett. Det vart brukt betydelige beløp til mønster og demonstrasjonar og reklame av ymse stag. Men vi fekk den glede å sjå at interessa voks og omsetninga auka frå år til år.


Ryeknytting

Ryeknytting vart nærmast ein folkehobby, og som ein kuriositet kan nemnast at sidan vi tok til å selje Raumaryer, og til idag, reknar vi med at det er blitt knytt ca. 2,5 milliardar knutar.

Det kan nemnast at Raumaryer pryder mange kyrkjer og forsamlingshus, både i Norge og i utlandet.

Del mest monurnentale og kjende ryene heng i ei kyrkje i Drempt Holland, og, 14 store ryer i Namsos kyrkje. Desse ryene er knytte av flittige hender frå dei respektive menigheiter. Ryene Holland har over 400000 knutar. Dei 14 ryene i Namsos er teikna av kyrkjetekstilkunstnar Else Poulsson.


Overrekkelse av Raumaryen "Monark"
Kong Olav - Dronning Elizabeth - Ordfører Mork

Dronning Elizabeth fekk ogso ei rye då ho besøkte Åndalsnes i 1969. Denne rya fekk då namnet "Monark".

Etter merkantil og teknisk utdanning ved universitetet i Leeds overtok Arnstein Digemes suksessivt leimga av bedrifta fra 1968. Han vart ansvar!eg lejar frå 1974.

Den 2. november 1971 gjekk ei springflo mot kysten av vestlandet. Det var orkan frå vest og so stor flo som det ikkje hadde vore i manns minne.

Det van gjort store materielle skader på mange stadar. På fabrikken gjekk sjøen innpå alle golv i 1. etg. Ein god del varer vart skadde og Iikeeins fleire kostbare motorar.

I 1975 giekk vi til oppføring av nytt fabrikkbygg på 3 400 kvm golvflate i 1 etg.

Dette for å få plass til meir nye maskiner og ein meir rasjonell produksjonsgang.

Vi fann det då nødvendig å leggje det nye fabrikkgolvet 70 cm høgre enn det gamle. Dette for å få plass til meir moderne fargeapparat. men ogso for å sikre seg mot at ei eventuell springflo skulle stige over golvet som i 1971.

Når vi får innmontert alle dei maskiner som er planlagt i nybygget, vil vi få moglegheit for ein god del større produksjon enn før.

Når eg no ved 50-årsjubileet ser attende, er det mange ting som kjem fram i minnet.

Eg tenkjer først og fremst på alle del flinke folk vi har samarbeidt med på fabrikken giennom åra. heilt fram til i dag.

Dei har hatt avgierande betydning for framgang og tryggleik i bedrifta. Morosamt er det å tenkje på åra før krigen då vi var nesten berre ugifie ungdomar på fabrikken. Og det må med rette kunne segjast at det var eit eineståande fint miljø den gongen. Vi var nesten som ein syskjenfiokk alle saman.

Mange av desse er framleis ved fabrikken. I det heile har vi gjenom åra hatt ei stabil stamme av dyktige arbeidarar og funksjonærar. Eg vil gjeme nemne dei som har hatt lengst tenestetid:

Arne Digernes 46 år. Lars Domans 45 år. Arthur Sogge 43 år. Magnus Sørheim 40 år. Kåre Svendson 37 år. Astrid Sæter 30 år. Torveig Meisingseth 29 år. Synnøve Johansen 23 år. Britt Hyldmo 21 år. Bjørg Tafjord 21 år.

Av tidlegate tilsette hadde fylgiande over 20 års tenestetid: Gusta Finang 47 år. Sina Emang 33 år. Harry Tafjord 24 år. Inga Gridset 22 år. Kåre Brude 21 år. Eugenie Ingebrigtsen 21 år. Ståle Rotevatn 20 år.

Eg minnest ogso i djup takksemnd og glede det gode samarbeid vi har hatt med styrarinner og disponentar for husflidsutsalga i snart 50 år. Mange av desse har arbeidt under tronge kår, men det var dugande folk som "øynet idealet bak sitt virke".

Dei giekk opp i husflidsarbeidet med iver og interesse, og dei fleste fekk den glede å sjå at arbeidet deira bar frukter.

Rauma Ullvarefabrikk 1977

Historisk sett kan det være interessant å notere at Rauma Ullvarefabrikk A.s i jubileumsåret med det siste tilbygget på 3 400 m2 disponerer en gulvflate på i alt ca. 8 500 m2 mot ca. 2 400 m2 i den opprinnelige bygning som ble gjenreist under krigen. Antal! ansatte har derimot holdt seg noenlunde konstant på ca 35.

Når det nye anlegget er ferdig innflyttet vil Rauma Ulivarefabrikk A.s være blant de mest moderne og rasjonelle bedrifter i bransjen.

Men selv om bedriften rent teknisk vil fremstå i ny skikkelse er produkt spektret og den tradisjonelle målsetting ikke endret. Tvert imot harde krav som stilles til fremstilling av husflidsgarn, som er og vil bli bedriftens spesialitet, vært den viktigste rettesnor gjennom hele planleggingen.

Produktspektret strekker seg fra fint larnullgam til grovt nye- og ullspissgarn. og dekkende fleste behov for ullgarn til husflidsformål. Spesielt til strikking, kunst, og nyttevev.

Som råstoff brukes utelukkende 100% ren norsk ull. Spælsaugarn er bedriftens spesialitet og vi er landets største forbruker av spælsauull.

Å produsere husflidsgarn stiller store krav til kvalitet og rikholdig fargespektrum. Men selve gamfremstillingen er likevel bare en del av virksomheten. Produkt- og mønsterutvikling er viktige arbeidsfelt som det stilies stadig større krav til.

Bedriften er derfor sterkt engasjert på disse arbeidsfelt og har nært samarbeid med flere av landets ledende tekstilkunstnere i tillegg til to fast ansatte designere.

Bedriften har et av landets største ferdigvarelager av garn. Dette har sammenheng med bedriftens lagerstyring som er kundeorientert slik at normalt alle bestillinger blir ekspedert samme dag som de kommer inn.

Salgspolitikken er selektiv med Husfilden som viktigste kunde og samarbeidspartner. Et verdifullt samarbeid som er mye av grunnlaget for bedriftens virksomhet og til gjensidig nytte både for leverandør og kunde.

Med Røros-Tweed, som vi overtok i 1968. har dette samarbeidet blitt utvidet til også å gielde vevde varer. En del av veveriet ved Røros-Tweed er derfor utbygd og spesialisert med tanke på de forskjellige behov for husflidstekstiler.

De store investeringer som vi er i ferd med å gjennomføre er et stort økonomisk løft. På litt sikt ser vi det imidlertid som en nødvendighet for å kunne gi plass til tidsmessige maskiner og å kunne tilfredstille fremtidige krav til lettere arbeidsforhold og bedre arbeidsmiljø.

Vi tilhører en arbeidskraft-krevende industri som er særlig utsatt for billig import. I et land med et av verdens høyeste kostnadsnivå. er dette et vanskelig utgangspunkt. En del av løsningen ligger i spesialisering og å bli mindre arbeidskraftintensiv. Det primære med det nye anlegget har derfor ikke vært ågiøre bedriften større, men å møte det stigende kostnadsnivå med en mer rasjonell drift.

Vi ser det som en fordel å være en liten bedrift. Det er bl.a. lettere å skape et godt arbeidsmiljø i en liten bedrift, og en kan klare seg med et lite marked. Er en dessuten spesialisert og samtidig fleksibel, vil en ha større mulighet for å klare seg bra også i dårlige tider.

[stoff]


Index

Oppdatert den 05. jul 2013 Magne Heen -- mailto:Magne Heen 11/01-97